Ber om møte med departement – vil ha opprydding i gamle gruvegangar.
Fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap) ber Klima og miljødepartementet (KMD) / Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) om møte, med status for Raudsand og opprydding av gruveområdet som tema.
Fylkesutvalet i Møre og Romsdal gjorde vedtak om dette tidlegare denne veka. I vedtaket ligg mellom anna også krav om at NFD skaffar oversikt over situasjonen når det gjeld forureining i gamle gruvegangar på Raudsand, og set i gang med opprydding.
Fryktar store mengder farleg avfall
– Ein må rekne med at det kan finnast store mengder farleg avfall i området. Før ein eventuelt opnar for ny aktivitet der, er det behov for betre å avklare dagens situasjon, heiter det i saka fylkesutvalet behandla.
Det vert poengtert at det no er ein uoversiktleg situasjon når det gjeld planar om avfallsdeponi på Raudsand. Molde kommune har vedtatt at det ikkje skal vere nasjonalt deponi for farleg uorganisk avfall, medan næringsaktør ønsker mottak av slikt avfall.
Vil følge opp
Saka var på agendaen som oppfølging av tidlegare innspel frå fylkeskommunen om industriområdet på Raudsand, og som oppfølging inn mot ny plan for vassforvaltning.
Fylkeskommunen kom som kjent med motsegn då det var aktuelt å etablere deponi for farleg, uorganisk avfall på Raudsand. Bakgrunnen var uro for at konflikt med miljømål om vassførekomst, og tap av omdømme for reiseliv og matproduksjon. Det vart også peika spesielt på at aktiviteten til Aluscan AS medførte uakseptabel forureining til luft og vatn, og at det framleis var uavklarte mengder og type avfall som er lagra i gruvene.
– Staten har ansvaret
I saka er det vist til at då staten ved NFD selde sine eigedommar ved deponiområdet, var det med klausul om at staten har ansvar for opprydding ved gruveanlegget. Inkludert pålegg frå myndigheitene retta mot forureining, avfall og deponert materiale i gruvesystemet som eksisterte ved overtakinga.
– Staten har ansvar for opprydding ved gruveanlegget slik det står i kjøpekontrakten, og Miljødirektoratet har ansvar for å avklare ny aktivitet opp mot miljømål i regional vassforvaltningsplan, heiter det i saka.
Avtroppande fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik og kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken vektlegg i si vurdering at mykje av uroa knytt til Raudsand handlar om tidlegare ulovleg aktivitet frå Aluscan AS: At omfang av avfall som ligg i gruvegangane er ukjent, at det er behov for opprydding, og at ny aktivitet ikkje medfører ytterlegare forureining som kjem i konflikt med miljømål for fjorden.
– Som samfunnsutviklar og vassregionmyndigheit er det viktig for fylkeskommunen å arbeide for ei miljømessig god løysing i området. Konkret inneber dette å arbeide for at NFD sørger for opprydding i gruveanlegget ved Raudsand, at føringane i vassforskrifta blir følgd, og at Miljødirektoratet sikrar at tiltak ikkje kjem i konflikt med miljømål i regional vassforvaltningsplan, skriv Guttelvik og Brekken.
https://www.rbnett.no/nyheter/i/bGppeq/fryktar-farleg-avfall-i-grunnen-krev-opprydding-paa-raudsand