Striden om Langvassdalen

Ei historie om når eidsvågingane stjal tømmer på nordmørssida. Snarsinte eidsvågingar som var overlegne nordmøringane både med krefter og munnbruk. Om slosskamper med karane oversmurt av blod og med kleda så ødelagt at ein ikkje kunne sjå kven dei var. Etterpå delte dei brennevin og heldt leven med kvarandre.

Striden om Langvassdalen fra boka Gammalt frå Nesset av Ola Hola

På garden Øyen i Eidsvåg begynte dei å setre i Langvassdalen sommaren 1740. Oppsittarane på dei gardane som grensa til på Nordmørssida  – især Rausand, Brakstad og Blikkås likte dette dårleg.

Denne misnøya kom meir og meir til orde etter kvart som det vart fleire og fleire frå Eidsvågbygda som begynte å søkje til dei gode fjellslåttane i Langvassdalen. Frå først av sette dei høystakkar, seinare bygde dei og ein del løer til foret, og køyrde det så heim til bygda på vinterføre. Etter kvart vart det ein god slump høy som vart køyrt heim derifrå kvar vinter. Enkelte fekk heim opptil 20 vinterlass kvart år. Det gjorde til dømes plassmannen Ole Jorfald-Trøen og fleire .. i 1860 og 1870 åra.

Etter kvart som det vart mange som søkte til desse fjellslåttane, vart grensa stadig utvida mot aust og nord mot Nordmørsgrensa. I 1804 meinte oppsittarane der at romsdalingane var komne langt innpå deira fjellmarker.

Dette året møttest nokre menn frå begge partar ved «Glahaugen» for å bli einige om grenselinje, men dette mislykkast, og dei måtte skiljast med uforretta sak.

Utveksling av høystakkar

Fjellslått-drifta auka stadig, og dermed også misnøya frå Nordmørssida. Det kom og til ymse rivningar fram igjennom åra.

I 1850 slo plassmannen Lars Jorfalddalen gras nærmast Blikkåsbytet, og det gjorde han etter slik eidsvågingane tolka og gjorde krav på bytelinja. Det var mykje gras der, og han Lars sette to store høy­stakkar.

Ungdommer på en høystakk på Storløken i Langvassdalen

Kort etter kom han Kristian Blikkås med hestar og mannskap og flytta begge høystakkane borti si høyløe, då han meinte at høyet var frå hans fjellmark. Seinare, då han Lars fekk høyre korleis det hadde gått til med høystakkane, tok han med seg folk, henta høyet tilbake, og sette det i stakkar der det stod før. Men han Kristian kom att, tok høystakkane og køyrde dei på Langvatnet.

Det var elles ikkje berre slått og hamnegang tvisten gjekk på. Ved Langvatna var det ein utmerkt fin furuskog, og oppsittarane frå Eidsvågen hogg kvar vinter ei betydeleg mengd med tømmer. Fleire gonger kom mennene frå andre sida for å fordrive eidsvågingane frå skogen ved Langvatna, men desse baud hardt imot hardt, og var ikkje til å rikke.

Enkelte gonger fram igjennom åra kom det og til avgjersler på gammelmåten, nemleg ved å prøve krefter, men som regel var det eidsvågingane som var overlegne både med krefter og munnbruk. Det var grunnen til at nordmøringane ikkje var lystne på at det skul­le komme til samanstøyt.

Fint sledeføre

Ved nyårsleite i 1840 var det mykje snø, og så vart det mildver nokre dagar slik at snøen vart kram. Sia vart det klårt og temmeleg kaldt i fleire veker framover. Det var fint skareføre, og ein kunne køyre som etter eit golv frå fjøre til fjell.

Ein dag først i februar drog ein heil bråte med karar og hestar frå Eidsvågen til fjells. Dei skulle til Langvassdalen etter tømmer, for no var det både fint føre og vêr. Men det var så kaldt at då dei køyrde over isen på «Storløken» om morgonen, vart både karane og hestane kvitrima. Nokre av dei stansa eit stykke ovafor dalen, men dei fleste drog ned til Langvatnet, og nokre endå lenger på austsida åt vatna, der det stod tett med skog og store fine furutre i blant.

Han Gammel-Steffå køyrde eit stykke vidare bortigjennom lia, der det stod nokre endå større tre.

– Du må akte deg no Steffå, du ser vel at du kjem for langt, ropa dei andre.

– Skitt, her e’ nok åt nordmøringå! svara han Steffå, og gav seg i kast med eit av dei største trea.

Dei bruka ikkje sag til å felle trea med den tida, men ei gammel­dags tjukk-egga «bøløks» var alt dei trengte til skogsarbeid. Etter eit iherdig arbeid greidde dei å få treet av ved rota, og så kvista dei og delte treet opp i lengder på 4-5 alen. Rotenden av dei største trea var i denne lengda eit fullstendig stort nok lass.

nyårsleite: nyttårstid
1 alen: 0,6 m.
Kart fra 1877 da Raudsand tilhørte Nordmøre

Nordmøringane kjem

Så hadde mennene fått på lassa sine, og var alt på veg oppover dalen. Dei hadde i meste laget på lasset, og det gjekk heller sakte oppover, då det er ei dryg stigning der før ein når oppå flatfjellet.

Han Knut Knutson Eidsvåg .. og fleire som var med den gongen .. har fortalt korleis det gjekk til den dagen:

-To-tri tå oss fremste køyrarå va’ såvidt komne opp dal’n og oppå flatfjellet, der me kunn’ sjå framover åt Holseter’n. Me stansa der so at dei andre kunn’ komme seg ette.’ Det va’ ei lang rekkje med lass og køyrara’ nedover .. rondt tjue hesta’ .. og dei attaste va’ utrule’ langt neri dala endå. Om ei lita stønn kom’n Rød au oppå flata og stansa der.

Då vart me var ein flokk kar langt neri dala. Dei kom fort ette’ oss, og det rannst ti oss på timen, at det var nordmøringa’ so ville oss angkvart.

No ska’ me køyre hestann våre nåkkå lenger fram, og gje dei lite for, so går me åt karå, og ser kva dettan kan vare, sa han Rød.

Me so gjor.’ Då me kom frampå høgda att.. slek at me kunn’ sjå nedover dal’n .. va’ dessane karann komne so nær,’ at me kunn’ sjå at dei va’ åtte menn, og det gjekk ikkje lenge hell’ før dei nådde att dei attaste køyrarann. Ein tå dessane karå bar ei stor «bølåks» på ak­sel’n, og det såg ut te vare ein høgvaksinn og sprek kar au.

– Du ska’ sjå her bli komeli no ei ri, sa’n Rød.

– Med det same dei nådde att første køyrarann, delte dei seg, slekat to tå dei kom på nedre side åt lassa, og dei andre på øvre side. Fremst gjekk han so bar åksa. Då han kom åt første lassa, hogde han raskt åv begge reipa, og ein anna kar rulla stokkann tå sledå, og slek gjor’ dei med alle lasså. Va’ det nåkkån so sette seg på bakføt’n, so vart’n berre grepinn og kasta te sides. Dessane to karann so dei ha’ fått med seg denna gongjinn, skull’ vare tå dei alle’ sterkaste karå so fanst på Nordmør’ den tida, og det va’kje pire å vare eidsvåging hell’ då, skal i sei deg!

rannst ti oss: me forstod
komeli: spell, komedie.

Så barka dei saman

Det som vidare hende var at dei snart nådde att han Gammel-Steffå. Men med det same ein av nordmøringane skulle til å rulle stokkane av sleden hans, flaug han Steffå på han. Du kan skjønne at så snar­sint som han Steffå var, gjekk det ikkje vel det! Og sia var han så reinhekla til å slåst au, så det var reint som han skulle skamraske nord­møringen, endå han var både større og sterkare. Nordmøringen vart snart så oversmurt av blod at ein ikkje kunne sjå kva han var av.

Denne karen vart heftande der med han Steffå, men dei andre dreiv på same måten med å hogge av reipa og velte av stokkane. Dei nådde og snart att han Gammel-Jo Myr’n.

-Ondra meg på kor dettan fe’ ga, når dei treffe’n Jo?, sa’n Gammel-Rød.

Han Jo var ikkje på noko vis så snarsint som han Steffå, og ikkje så snåp til å slåst heller, men noko sterkare kar var han. Hende det at han kakka til nokon ein gong, så fekk den mannen minnast det ei stund au.

Han Jo brukte ikkje å vere så brå på di, men då han fekk sjå at nordmøringen hogde av dei nye lærreipa sine, då stakk det’n. Han sprang over lasset, og smurde kroppen ein setopp så han stupte som ein sekk. Men då tok den andre av desse sterke karane kloa i han Jo au. Og det bar te! … Det var saktens ikkje nokon smågutleik ei ri då. Var han Jo maktau kar, så jammen trongst det den gongen.

Ingen av dei kunne legge den andre på rygg, men på kne var dei begge fleire gonger. Så kasta han seg rundt han Jo, og sleit seg laus frå nordmøringen som stod att med begge nevane fulle av kleda hans. Då nytta han Jo høvet til å gje nordmøringen eit par durabelege trebilatusa’ attmed øyrene nokon stan. Endå me visste at han Jo var tung på labben, såg det ut til å gjere like så mykje som om han skulle ha hakka på ein stabbe. Nordmøringen hadde snart kloa i han Jo att, og dei drogst hardt ei ri.

reinhekla: god
snåp: snar, rask
setopp: slag
ein trebilatus: eit velretta slag

Forsoning

Så sei han det nordmøringen:

-Kanskje det li’ so langt at vi kan kvil’ ei økt?

-Ja, .. kan det då, svara’n Jo, og så slepte dei kvarandre, og giekk bortåt nokre tuer som var berrføkne, og sette seg attmed kvarandre. Han Steffå og den andre nordmøringen drogst endå, men då ropa han som sat attmed han Jo:

-Kvil ei økt di au, og kom og sett dåkkår ei stynn! Då slutta dei og kom og sette seg. Endå det var utruleg kaldsnekje oppå høgda der, så var karane godt fjelgne sag det ut til. Dei hadde fått noko-lite alle fire, både på kropp og klede. Det var utuplukka store stykke utu kleda hans Jo, så me såg snaue kroppen mange stan, og eine broklåret og meir til lenger oppe var borte på nordmøringen. På han Steffå fanst det ikkje meir att av skinnbroka hans enn ein ring under knivskei-beltet, så han stod der i snaue striskjorta. Endå var ho og rett utruleg skamfaren såg det ut til, og dugeleg blodete var dei begge to.

Då dei hadde sett seg bortpå tua

Då dei hadde sett seg bortpå tua der alle fire, sa den nordmøringen som hadde dregest med han Jo:

– Det e’ ei løkk’ at vi e’ kvitt fluåinn i dag, ellest ha’ det vorte slæmt, slik so vi e’ kledd!

Så ropa’n på han som bar nisteskreppa deira, og nordmøringen tok ut av skreppa ein brennvins-butull, slo i ein dugeleg dram og leverte til han Jo.

Men han Jo ville ikkje drikke drammen sjølv, han gjekk bortåt han som hogde av reipa hans .. han hadde ikkje komme seg på føtene att endå, men sat bortpå snøen.

– Drekk drammen du far, so kvikna du! sa’n Jo til han. Han retta fram staupet, og han angra seg då han Jo for at han hadde smurt til guten, det hadde vel vorte nerå tungt, ser du.

-Det kom so brått på meg derma gongjinn, sa’n Jo.

Om ei lita stund kom han seg på føtene att karen, og kom og sette seg attmed dei andre han og, men han såg bleik ut. Karane vart sitjande bortpå tua der ei god stund, for både han Jo og han Steffå hadde litt brennevin med seg i nisteskreppa si, og mange av oss andre hadde og ein skvett. Karane vart reint blide då, og heldt leven med kvarandre, og då ville nordmøringane at han Steffå skulle få med seg lassa sine heim. Men han Jo var ikkje huga å laste sitt, utan at dei andre skulle ha sine og. Så vart dei forlikte om det då, at dei kunne ha med seg kvar sine alle saman, men då hadde stordelen av karane allereie køyrt sin veg. Det tømmeret som då vart att-liggjande, var det ingen som tok sia.

Nordmøringane lesste på att lasset hans Jo og hans Steffå, og karane sette i veg framover flatfjellet, over vatna og køyrde heimover. Dei såg ut, .. mesta nakne begge to, men eg høyrde ikkje at dei fraus heller!

Etter denne ferda, vart det ikkje hogge noko vidare tømmer med det første på det omstridde området. Men med slåtten i Langvassdalen fortsette det som før, og vel så det fram til 1880-90-åra, då denne bedrifta var på det høgste. Frå den tid gjekk det meir tilbake, til det tok heilt slutt. Setringa i Langvassdalen tok slutt omkring år 1900.

økt: stund 
kaldsnekje: gråkaldt, sur trekk 
fjelgne: varme 
knivskei: knivslire
dragast: slåst
fluåinn: flugene
butull: flaske 
nerå tungt: vel tungt

Lovlighetskontroll av tillatelse til deponi

Medlemmer i SV, AP, FRP og MD har bedt om lovlighetskontroll av tillatelse til deponi gitt i Hovedutvalg for Teknisk, Plan, Næring og Miljø den 24. november 2020. Kommunestyret vedtok den 14. mai 2020 at alle saker i forbindelse med etablering av virksomhet blir lagt fram til behandling i kommunestyret. Lovlighetskontrollen fører til at det vil være fylkesmannen som vil avgjøre om vedtaket om tillatelse er lovlig.

Publisert 19. desember 2020

Krav om Lovlighetskontroll

Fire medlemmer fra SV, AP, FRP og MD har bedt om lovlighetskontroll av tillatelse til deponi.

Utdrag fra Krav om Lovlighetskontroll datert 9. desember 2020

Kommunedirektørens vurdering

Kommunedirektøren skrev i saksframlegg til kommunestyremøtet den 14. mai 2020 at byggetillatelse for etablering av deponi 2 fremmes til behandling i kommunestyret.

Saksframlegg til kommunestyremøtet 14. mai 2020

Kommunestyrets vedtak

Kommunestyret vedtok den 14. mai 2020:»Molde kommunestyre ber om at alle saker i forbindelse med etablering av virksomhet i henhold til godkjent reguleringsplan Bergmesteren Raudsand blir lagt fram til behandling i kommunestyret«.

Kommunestyrets vedtak saksbehandlingsprosess den 14. mai 2020

Ordfører feiltolker vedtak?

Ordføreren i samarbeid med leder i planutvalget tolker kommunestyrets vedtak til kun å gjelde farlig avfall. I deponiet hvor planutvalget vedtok tillatelse skal det deponeres bunnaske fra forbrenningsanlegg. Bunnasken kan være farlig avfall før behandling, og behandlingen er avhengig av deponi 2. Deponi 2 er en del av prosessen for å deponere farlig avfall.

Fylkesmannen avgjør

I kommunestyrets diskusjon i saken var det flere innlegg som gikk i mot at sakene skulle til kommunestyret. Også disse tolket vedtaket til at alle vedtak til reguleringsplanen skulle til kommunestyret. Det vil nå være fylkesmannen som avgjør hva som er riktig saksbehandling.

Krav om lovlighetskontroll:

https://neitilgiftdeponi.files.wordpress.com/2020/12/20201209-lovlighetskontroll.pdf

Oppstart av deponiplanene

Historien og oppstarten til deponiplanene på Raudsand er fra oktober 2013 da Bergmesteren Raudsand holdt et orienteringsmøte om sine planer. På Nessetkonferansen våren 2014 var Alex Rosén programleder og Bergmesteren Raudsand orienterte om sine planer. Planene var om bergverksdrift og rensing av oljebasert avfall.

Forsidebilde: Avisartikkel i Driva fra 2. april 2014

Alex Rosén var innleid for å lede og underholde på konferansen. Eier av Bergmesteren Raudsand orienterte om sin allsidige grunderbakgrunn og planene på Raudsand.

Orienteringsmøte

Bergmesteren Raudsand holdt orienteringsmøte om planene på Raudsand i oktober 2013 i samarbeid med Nesset næringsforum (Nesset Vekst). Planene var om bergverksdrift og rensing av oljebasert avfall.

Avisartikkel i Driva fra 25. oktober 2013

Problemløseren

Eier av Bergmesteren Raudsand var markedsført på Nessetkonferansen som mannen som lykkes med å gjøre forretning av det andre ser på som et problem. Nesset Sparebank og Nesset Næringsforum var en viktig samarbeidspartner til konferansen.

Avisartikkel i Driva fra 4. februar 2014

Bergmesteren Raudsand har et tett samarbeide siden 2013 med Nesset Vekst og Nesset Næringsforum.