Nabokommunar vil møte departementet – rettssak kan bli aktuelt

Engasjerte motstandarar markerte seg under befaringa tysdag. Og nabokommunar utelukkar ikkje rettsleg prøving om deponiplanen blir godkjent.

…………………………………………..

Vil ha ekstra møte

Nabokommunane har dessutan bedt om ekstra møte med departementet, og nemner rettslege steg som aktuelle om reguleringsplanen vert godkjend.

Tidlegare tingvollordførar sende i september brev til departementet der ho på vegner av nabokommunane ber om eit møte med departementet for ein grundig gjennomgang før saka vert avgjort.

Også stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) har engasjert seg – ho har kontakta politisk leiing i KMD for å bidra til at kommunane får møtet dei ønsker seg.

– Det er viktig å halde trykket oppe i deponisaka. Eg håper å kunne bidra til at dei seks kommunane faktisk får møte departementet slik dei ønskjer, kommenterer Klinge.

Ventar raskt svar

– Vi meiner det er gjort saksbehandlingsfeil, og vil legge fram vårt syn for departementet. Dette tok eg opp med departementet under befaringsprogrammet, og vi reknar med å få møtetidspunkt klart i løpet av kort tid, seier Knut Sjømæling til Romsdals Budstikke.

Til retten?

Frå Tingvoll kommune har det kome utspel om å gå rettens veg om planen vert godkjent. Dette kommenterer Sjømæling slik:

– Det er ikkje vår primære strategi å gå til retten, vi ønskjer å legge fram våre saklege argument. Om dette ikkje skulle føre fram, og planen skulle bli godkjent, må vi vurdere kva vi gjer. Da kan det vere aktuelt å sette jurist på saka, og eventuelt gå for å prøve saka rettsleg, seier Sjømæling.

– Kva punkt er det da snakk om?

– Det er eit klart overtramp når Gjemnes kommune som næraste nabo ikkje er inkludert i planen, seier Sjømæling, og viser til motsegna.

https://www.rbnett.no/nyheter/2019/10/16/Deponikampen-fortset-20181994.ece