Avfallet ingen ville vite av

Av Per Anders Todal,  29.10.10

Romsdalsbedrifta Aluscan vart dømd for grov miljøkriminalitet. Men åtte år etter konkursen ligg framleis titusenvis av tonn med industriavfall att ute i terrenget på Raudsand i Nesset kommune.

I det gamle gruveområdet på Raudsand ligg kring 30.000 tonn med avfall frå europeisk aluminiumsindustri i sprokne sekker. Ingen kan seie sikkert kva sekkene inneheld, meiner Tor Gunnar Dalsegg, som jobba ved Aluscan på 1990-talet. Foro: Per Anders Todal

RAUDSAND: Det er verkeleg ikkje noko vakkert syn: I ein skrånande ravine mot Tingvollfjorden ligg mange tusen sekker med grått industriavfall. Her ligg kring 30.000 tonn med avfall. Det eksakte innhaldet er ukjent, men truleg er det såkalla møllestøv frå aluminiumsindustri rundt i Europa. «Møllestøv er klassifisert som farlig avfall», skreiv Statens forureiningstilsyn i 2005. Mange av sekkene har sprokke så innhaldet sig ut, og ut frå den enorme avfallshaugen renn ein bekk. Det er ikkje nett ein bekk ein får lyst til å drikke av.

Dette deponiet på Raudsand er ein del av den dystre arven etter selskapet Aluscan i Nesset kommune i Romsdalen. I 2003 vart styreleiar Gerhard Eide og dagleg leiar Kjell Olav Sjøli dømde til fengselsstraffer i ei av dei mest alvorlege miljøkriminalitetssakene i Noreg nokon gong.
Aluscan skulle drive med attvinning av aluminium frå industriavfall i fabrikken sin nede ved sjøen på Raudsand. Men selskapet tok imot langt meir «råstoff» enn det kunne handtere, frå heile Europa, og tente gode pengar på det: Aluscan fekk betalt for å ta imot stoff som aluminiums­industrien ønskte å kvitte seg med. Mykje avfall med ymse tungmetall gjekk rett i sjøen ved Raudsand, enda meir vart ulovleg deponert i det gamle gruveområde kalla Bergmesteren, som ligg oppe i lia over anlegget til Aluscan.

– Det er ikkje godt å seie sikkert kva desse sekkene inneheld, seier Tor Gunnar Dalsegg, som er med på synfaringa. Han arbeidde i kring fem år for Aluscan og fortel at dei tilsette aldri fekk vite kva som var innhaldet i dei mange båtlastane med avfall som kom til Raudsand. Han skildrar ein cowboyaktig bedriftskultur i selskapet: Om nokon hadde innvendingar mot dei openberre miljøsyndene, fekk dei beskjed om å halde kjeft om dei ville behalde jobbane sine.
– I starten vart mykje avfall tømt i dei gamle gruvegangane etter jerngruva her. Men da gruvesjaktene var fulle, vart avfallet lagt oppå jorda, seier Dalsegg.

Daud skog

I nærleiken av ravinen med dei sprokne sekkene ligg eit anna deponi, eit lite fjell av grått pulver, som for det meste er slagg frå verksemda til Aluscan, klassifisert som farleg avfall. Her har ammoniakkdamp frå deponiet teke livet av all skogen i eit belte som er fleire hundre meter langt. Det kjem ikkje lenger damp frå slagget, men skogen har enno ikkje kome attende. Også her renn det vatn frå deponiet og ut i terrenget.

I 2002 kravde Statens forureiningstilsyn (SFT) fleire gonger at Aluscan skulle sikre deponia sine. «Bedriftens manglende gjennomføring av nødvendige tiltak for å hindre avsig fra deponiet medfører fare for tilførsel av blant annet tungmetaller i bekk, i grunnen og videre ut i fjorden», heitte det i brev frå SFT til Aluscan 18. oktober 2002. Men Aluscan vart slått konkurs 28. november same år. Og SFT klarte ikkje å dytte ansvaret for oppryddinga over på nokon andre, trass i fleire forsøk dei neste åra.

Men når ingen andre kunne stå for oppryddinga, ville det vel vere naturleg om staten tok jobben? Tanken har vore tenkt av fleire: I november 2002 sa daverande miljøvernminister Børge Brende til Adresseavisen at det kunne vere aktuelt for miljøvernforvaltinga å dekkje utgifter til opprydding om selskapet ikkje klarte det. Og i januar 2003 melde NRK at SFT vurderte å vere med på å betale for oppryddinga.

Men åtte år etter at miljøskandalen Aluscan vart avslørd, er det framleis ikkje rydda opp i skogen på Raudsand. Deponia ligg framleis oppe i dagen, eksponerte for vêr og vind. Dessutan har det – med godkjenning frå SFT – blitt deponert meir avfall av liknande slag i området, frå selskapa Alumox og Reox som òg driv med attvinning av aluminium frå avfall. Reox har starta ny verksemd ved det gamle anlegget til Aluscan.

– Nasjonal skam

– Det er ei nasjonal skam at dette avfallet ligg der enno, seier Bjørn Jacobsen.
Som stortingsrepresentant for SV tok han opp Aluscan-saka fleire gonger i spørjetimen og bad miljøvernminister Børge Brende om å avklare kven som skulle ha ansvaret for å rydde opp etter Aluscan. Brende gav uklare svar og viste til at det var SFT som handterte saka.

– Sjølvsagt skulle det vore rydda opp skikkeleg etter Aluscan. Men eg er dessverre ikkje overraska over at det ikkje har skjedd, sidan Aluscan gjekk konkurs og ein ikkje kunne ta bedrifta for dette lenger, seier Jacobsen, som no arbeider for Grønn Hverdag.
– Det er ikkje rett at lokalsamfunn skal sitje att med børa etter slike bedrifter. Når bedrifta ikkje kan rydde opp etter seg, bør ein bruke statlege midlar til oppryddinga. Da ville truleg staten òg sjå at det trengst strengare reglar for industrien, seier Jacobsen.

– Det er ei skam at dette ikkje har blitt rydda opp i. Eg er veldig skuffa over at styresmaktene ikkje har avslutta denne saka på skikkeleg vis, seier Kurt Oddekalv, leiar i Miljøvernforbundet.
Med aksjonane sine i 2002 bidrog Oddekalv sterkt til å få skape merksemd om miljøkriminaliteten til Aluscan. Han var ikkje klar over at deponia etter selskapet framleis ligg i skogen på Raudsand.
– Da Økokrim tok saka, tenkte truleg SFT at jobben var gjort. Erfaringa mi er at tilsynet ikkje rører på seg før nokon melder dei til politiet. Om ingen bråkar om slike saker, blir det ikkje gjort noko, seier Oddekalv.

Ei avslutta sak

– Vi reknar Aluscan-saka som parkert og avslutta, seier Bente Sleire. Ho er senioringeniør i Klima- og forureiningsdirektoratet (KLIF), det tidlegare SFT, og har arbeidd over mange år med denne saka. Sleire meiner deponia som ligg att etter Aluscan i dag er tilfredsstillande sikra.

– Men da Økokrim tok ut tiltale mot Aluscan i 2002, var det blant anna fordi møllestøvet ikkje var lagra på lovleg vis. Kvifor meiner de deponiet er greitt no, når det ikkje var det i 2002?
– Aluscan vart politimeldt for fleire ting, blant anna for at dei ikkje hadde attvunne møllestøvet slik dei sa dei hadde, og for å ha sendt falske attvinningsbevis til opphavslandet. Sekkene låg òg lenger i Bergmesteren enn det som er tillate for eit mellomlager. No er avfallet i deponi der tiltak mot avrenning er kontrollerte og godkjende av oss.

– Eg var i Bergmesteren denne veka og såg inga oppsamling av avrenninga frå deponia – vatnet rann fritt frå avfallet og ut i terrenget?
– Bekkene skal vere avleidde og vatnet skal førast ned i den gamle gruva og reinsast før ut­slepp til sjø. For eit år sidan vart det gjort fleire nye mellombels tiltak, og vidare sikring vil bli gjord under avslutninga av deponiet, seier Sleire. Ho fortel at møllestøv i motsetnad til saltslagg ikkje er rekna som farleg avfall.

– Men i eit brev du sende til firmaet Alumox i 2005 står det: «Saltslagg og møllestøv er klassifisert som farlig avfall etter den europeiske avfallslisten.»
– Det er godt mogleg eg har skrive det, og at det var slik den gongen. I dag er det ikkje farleg avfall, så anten har eg skrive feil eller så er det endra.

Ikkje analysert

– Aluscan tok imot avfall frå heile Europa, og sekkene i Bergmesteren er ikkje merkte. Korleis kan de da vite kva dei inneheld?
– Det veit vi ut frå transportdokumenta frå da avfallet vart importert til Noreg. Vi har ikkje analysert det som ligg i Bergmesteren, vi kan ikkje analysere alt avfall som skal behandlast i Noreg. Men ein ser skilnad på møllestøv og saltslagg. Møllestøvet i sekkene er hovudsakleg aluminiumoksid, seier Sleire.

Men sjølv om Sleire meiner deponia etter Aluscan i prinsippet er forsvarleg sikra, må dei likevel avsluttast. Det er ikkje lenger lov å deponere saltslagg og møllestøv i Noreg, opplyser Sleire. Eit nytt selskap kalla Bergmesteren Raudsand AS har kjøpt det gamle gruveområdet med deponia frå staten.
– Selskapet har jobba med ein avslutningsplan for deponia, og det har teke tid å få den ferdig slik vi ønskjer han, seier Sleire. I mai varsla KLIF tvangsmulkt overfor Bergmesteren Raudsand AS fordi det tok lang tid med planen.
– Vi reknar med at vi får ein endeleg avslutningsplan innan 11. november, og at anleggsarbeidet kan starte på nyåret, seier Sleire. Ho fortel at møllestøvsekkene i Bergmesteren ikkje skal fjernast, men dekkjast til med masse.

Ikkje godt nok

Å berre grave over avfallet i Bergmesteren er ikkje godt nok, meiner Torbjørn Rausand, som bur nær det tidlegare Aluscan-anlegget. Han har følgt saka tett gjennom mange år og bygd opp eit arkiv over saksdokument og avisartiklar om Aluscan.
– Eg veit at KLIF er interessert i å dekkje over dette, men det er inga verkeleg løysing. Det einaste akseptable er å fjerne avfallet, seier Rausand.

– Ingen veit eigentleg kva dei stoffa som er lagra i Bergmesteren, inneheld. Difor bør deponiet fjernast, ikkje liggje der på fjellet med avsig ut i fjorden. Tingvollfjorden er ureina nok som det er.

Nytt selskap, same stanken

I dei åra Aluscan dreiv verksemda si i Raudsand, var naboane i Raudsandbukta kring ein halv kilometer unna stadig plaga av stank frå anlegget. Da eit nytt selskap, Reox, starta opp att med attvinning av aluminium ved anlegget i 2007, byrja plagene på nytt. I haust starta nokre av innbyggjarane som bur nærast ein aksjon for å få Reox til gjere noko med utsleppa.

– Lukta her har vore heilt forferdeleg. Intensiteten varierer med produksjonen og vindretninga, men plagene har vore der nesten konstant når anlegget har vore i drift, seier Tor Viggo Nævra, som er talsmann for gruppa. Aksjonen tel ti medlemer, men Nævra veit at fleire innbyggjarar i Raudsandbukta er plaga.
– Det å sitje utandørs når lukta kjem for fullt, går ikkje an. På det verste har det ikkje eingong vore leveleg inne i huset, da er det berre å rømme heimanfrå.

Lite gehør

Reox er i drift fire dagar i veka. Anlegget har sidan 2008 vore eigd av det internasjonale storkonsernet Aleris. Nævra meiner det har vore nesten umogleg å få gehør frå selskapet når naboane har klaga på stanken.
– Det har truleg vore klaga på lukta mellom hundre og to hundre gonger til bedrifta sidan starten. Men leiinga ved Reox framstiller det som om dei berre har fått nokre få klager, og at problema kjem av einskilde uhell ved anlegget.

Drifta ved Reox fører til ut­slepp av mange ulike gassar. Den plagsame lukta kjem truleg frå ammoniakk og hydrogensulfid, men Nævra er uroa over kva andre stoff som kan vere i utsleppa. Mellom anna er det kjent at anlegget slepper ut arsen og nervegassen fosfin.
– Vi ønskjer at det blir gjort uavhengige målingar ikkje berre av ammoniakk og hydrogensulfid, men av eit breitt spekter av gassar. Folk her klagar både over kvalme og hovudverk på grunn av lukta, og vi kjenner oss ikkje trygge.

Aksjonsgruppa har hatt eit visst gjennomslag allereie. I september laga både lokalpressa og NRK saker om problema på Raudsand, og sidan da har luktplagene vore minimale, sjølv om Reox har vore i drift det meste av tida. Dessutan har KLIF no pålagt selskapet å måle og loggføre utslepp og ammoniakknivå i bustadområdet kontinuerleg i ein månad. Men Nævra er skeptisk til at betringa vil vare lenger enn kontrollmålingane.
– Ut frå den erfaringa vi har med Reox, reknar eg med at ut­­sleppa kjem til å auke att så snart målingane er over.

– Ingen kommentar

Naboane og konsernet Aleris, eigaren av Reox, gjev svært ulike skildringar av utsleppa i Raudsand. I ei pressemelding frå Aleris 22. september i år blir ammoniakkutsleppa frå Reox kalla «sporadiske». Når Dag og Tid ringjer til Marianne von Bormann, direktør for Reox, blir vi ikkje klokare.

– Eg har ingen kommentar å gje. Aleris har skrive ei pressemelding om saka, det er alt eg kan seie, seier von Bormann.
– Men den pressemeldinga svarar slett ikkje på alle dei viktige spørsmåla i denne saka?
– Aleris er eit stort konsern, og eg har ikkje lov til å uttale meg.
– Men det er jo de som jobbar ved bedrifta på Raudsand som har best kunnskap til å svare på spørsmål om utsleppa dykkar?
– Uansett kan eg ikkje gje nokon kommentar. Eg kan ikkje gjere noko med dette, slik er praksisen til Aleris, seier von Bormann.
Alt ho kan bidra med, er å oppgje telefonnummeret til Mark Brookes, direktør for Aleris-konsernet, med kontor i Storbritannia. Dag og Tid har ringt fleire gonger til Brookes, utan å få svar.

Smak og behag

– Eg har inntrykk av at Aleris har teke problema til naboane på alvor. Men at det har vore nokre uheldige episodar, er det ikkje tvil om, seier Nesset-ordførar Rolf Jonas Hurlen.
– Naboane meiner det ikkje er snakk om uheldige episodar, men eit vedvarande luktproblem når Reox er i drift?
– Det kan vel vere litt smak og behag. Men eg veit at innbyggjarane i Raudsandbukta opplever det som eit stort problem, og eg tvilar ikkje på framstillinga deira, seier Nesset-ordførar Hurlen.

http://old.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=1875